TOMATJEGER

ÅRETS STØRSTE NYHENDE

Eit samarbeid med Trolljeger AS

Hello world

Slepp laus di indre tomat!


Du har kanskje høyrt om Trolljeger? Me i Tomatfestivalen er så heldige at me har starta eit samarbeid med Trolljeger og Lyse. Saman skal me laga ei spanande tomatjegerløype på kunstgrasbanen ved Finnøy skule for store og små under årets festival.

 

Er du klar for å utfordra komfortsonen og testa dine fysiske og psykiske grenser samstundes som du jobbar på lag? Tomatjegerløpet har fokus på samarbeid, meistring, lagspel og at det skal vere gøy.

 

Løypa vil bestå av ca. 15-20 hinder der du må både høgt og lågt, og fleire av hindera krev samarbeid for å komme seg vidare. Me sett opp 3 ulike løp, Eit hovudløp, eit familieløp og eit barneløp. Under hovudløpet vert det premier til dei tre raskaste laga.


Unikt for Tomatjeger er at dykk må frakta ei tomat heilskinna gjennom løypa, som blant anna vil innehalde hindera Trollveggen, Trollstolen, Kryperøyr og ikkje minst eit eksklusivt Tomatspa. Sjå løypekart.


Som eit ekstra krydder oppfordrar me alle lag til å vere kreative i si uniformering for å få frem lagkjensla. Kva med like drakter eller kanskje til og med parykkar? Her er det berre kreativiteten som set grenser.


Saman bidrar me til folkehelse og livsmeistring!

NOKRE AV UTFORDRINGANE I VENTE

HOVUDPREMIE

I regi av generalsponsoren vår Lyse vil dei tre raskaste laga på hovudløpet vinna moglegheita til å donera 7000, 5000 og 3000 NOK til eit valfritt barnelag eller ungdomsforeining opp til 18 år. Laget, klubben eller foreininga må halda til i Sør-Rogaland og vera knytt til ein offisiell medlemsorganisasjon.


Les meir om Lyse Spirer her


      TEST DIN STYRKE, SMIDIGHEIT OG DINE SAMARBEIDSEVNER MENS DU OG LAGET DITT NAVIGERER GJENNOM EIN SERIE AV UTFORDRINGAR

      Praktisk informasjon

      Hinderløypa vert sett opp på kunstgrasbanen ved Finnøy skule


      Hagabakken 1

      4160 Finnøy

      Barneløp


      Som det sømer seg er det borna som får prøva seg fyrst i løypa.


      Trolljeger-sjef Paal Refsland har etter fleire år med skuleløp erfart at det å gje barna ein anna arena å jobba på byggjer relasjonar og gjev ei unik meistringskjensla.


      Me deler opp skulen i tre, der alle barna skal få prøva løypa i puljer. For å koma i mål må ein samarbeide og heie kvarandre frem.

      Fredag 18. august

      i skuletida

      Info kjem seinare

      GRATIS

      Familieløp


      På ettermiddagen på fredag opnar me for at foreldre og barn kan prøva seg i løypa saman.


      Det er ei annleis og unik oppleving der ein byggjer samhald og får minner for livet.


      Alle får hver sin medalje i tillegg til at det trekkes ut premie til noen tilfeldige lag.


      Alle får kvar sin medalje i tillegg til at me trekkjer premie til nokre tilfeldige lag. Ein kan vere inntil 7 personar på eit familielag og nedre aldersgrense er 6 år. Det må vere minst ein vaksen på laget. Kva med å utfordra nabofamilien til ein duell?

      Fredag 18. august

      kl. 16:00 - 17:30

      2-7 personar per «familie». Frå fylte 6 år.

      250 kr per familie

      Medalje til alle og tilfeldig trekning av premie til nokon lag.

      Hovudløp


      På laurdag opnar me løypa for alle og held hovudkonkurransen.


      Kvart lag tar hindera i sitt tempo og berre det å gjennomføra løpet gjer utvikling og meistring. For dei aller ivrigaste vert det tidtaking og premie til dei 3 raskaste laga. I tillegg trekkjer me ut ein premie til nokre tilfeldige lag.


      Det vil vere mogeleg å melda på lag frå 4-6 personar og det kan vere alt frå bedrifter, foreiningar, vennegjengen eller nabolaget.

      Laurdag 19. august

      Kl. 16:00 - 18:00

      Minimum 4 personar per lag. Inntil 6 personar. Frå fylte 13 år.

      Pris per lag á 4 personar er 500 kr. 100 kr per ekstra deltakar.

      Flotte premier til dei 3 raskaste laga i tillegg til tilfeldig trekning av premie til nokre lag. Medalje til alle.

      KJEKT Å VITE

      • Alle som skal i løypa bør stilla i joggesko og treningsklede. Ein må vere forberedt på å bli våt og tomatgjørmete, så her stiller ein kanskje ikkje i favorittdressen.


      • Går det sakte i løypa, trekk til sida, slik at dei som kjem bak kan koma forbi.


      • Det er lov å hjelpe kvarandre over hindera. Tomatjeger legg vekt på samarbeid og samhald.


      • Deltakaren aksepterer at det er risikabelt å jakta på tomatar. Me legg til rette for god sikkerheit, man all deltaking skjer på eiget ansvar. Det er viktig å sjølv vurdere risiko opp mot eiget ferdigheitsnivå.


      • På familieløpet og hovudløpet blir laga sett i gang innanfor eit gitt intervall på 15 minutt. Det er viktig at alle på laget møter opp 15 minutt før dette intervallet startar. Lagleiaren blir bede ta kontakt med informasjonen ved oppmøte.

        Takk til hovudsponsorane av Tomatjeger

        Kjøp din eigen Tomatjeger t-skjorte


        LØYPEKART

        *Det er lov å hjelpa kvarandre på hinder. Tomatjeger legg vekt på samarbeid og samhald.