Dag Erik Pedersen og Liv Grete Skjelbreid Poirée skal saman sjarmera folket under Tomatfestivalen i august. Heile laurdag og sundag skal dei to kommentera og delta frå scenar og festivalområde. Og alt fredagen inviterer Coop Finnøy til motivasjonsforedrag med Dag Erik Pedersen.

- Me er kjempenøgde og veldig stolte over at både Liv Grete og Dag Erik kjem. Det er ingen tvil om at me har fått førstevala våre, konstaterer ein svært glad komiteleiar Ragna Nordbø.
Liv Grete svarte ja tidlegare i vår. Nå er altså Dag Erik Pedersen også klar for jubiluemsfestivalen i Finnøy. Den profilerte programleiaren ser fram til å koma til Finnøy.
- Eg gler meg storleg. Det skal bli kjekt å koma til Finnøy for første gong, treffa folk og få jobba i lag med Liv Grete, seier Dag Erik sjølv, og legg til:
- Både Kjell Kristian Rike, Jon Herwig Carlsen og Halvard Hanevold har vore der før. Og alle har fortald om eit svært flott arrangement. Så eg har forventningar.
Programleiar og idrettsutøvar
Dag Erik Pedersen er for mange mest kjent som programleiaren i NRK-serien "Mestrenes Mester", som nyleg avslutta sin fjerde sesong. Kvart år kjempar ti tidlegare toppidrettsutøvarar om den gjeve tittelen, gjennom 30 knalltøffe øvingar. Sist laurdag var det finale, som langt over ein million TV-sjåarar fekk med seg.
- Det har aldri vore så jamt og spennande før. Den avgjerande øvinga mellom skiesset Tor Arne Hetland og frisbeekongen Sune Wentzel, er kanskje det beste TV-augneblinken me har hatt i denne serien, smiler Dag Erik.
Mange gler seg også over NRK Sporten sine skiskyttarsendingar, når Dag Erik, Liv Grete og Halvard Hanevold sjarmerer TV-sjåarane. Dag Erik har vore knytt til NRK i 16 år, og får ofte kreditt for sine språkkunnskapar. Karriera som proffsyklist har gjort sitt til at Dag Erik kan så mange språk.
Konferansier og deltakar
Nå er det altså Finnøy og Tomatfestivalen som står for tur, 10.-12. august. På festdagen laurdag 11. august skal Dag Erik vera konferansier heile dagen. Liv Grete er sidekommentator og deltakarar. Det blir mange flotte høgdepunkt denne dagen! Mat og helse står i fokus, og mykje moro.
Sundagen skal Dag Erik kommentera Griegløpet for store og små, medan Liv Grete skal springa sjølv og snakkar når ho får att pusten ...

Foredag med Dag Erik fredag
Alt fredag er Dag Erik i gang. På ettermiddagen invitererer Coop Finnøy til inspirasjonsforedrag med Dag Erik Pedersen. Tittelen er "Aldri god åleine", eit foredrag som er blant dei mest etterspurte i Norge.
- Me vil skapa blest om Tomatfestivalen og om Coop Finnøy sitt hundreårs-jubileum. Så det er klart me ville bidra med å gjera noko kjekt, seier styrar Idar Rosland på Coop.
- Det at Coop blei med på denne satsinga, gjorde at brikkene fall på plass med gjestane våre for heile helga. Det er me svært takksame for. Så det er berre til å setja av tre dagar til ende, avrundar komiteleiar Ragna Nordbø.

Idar Rosland og Coop Finnøy inviterer til foredrag med Dag Erik Pedersen fredag 10. august under Tomatfestivalen. - Coop Finnøy er 100 år og Tomatfestivalen er 10 år. Det må markerast skikkeleg, understrekar Rosland.

Dag Erik Pedersen og Liv Grete Skjelbreid Poirée skal saman sjarmera folket under Tomatfestivalen i august. Heile laurdag og sundag skal dei to kommentera og delta frå scenar og...
Festivalmaleriet til Ivar Haugen er populært, ein månad før det blir avduka. For denne veka tikka bodet 10.000 kroner inn. Nå tar ikkje arrangøren imot fleire bod, f...
Studentar ved Universitetet i Stavanger (UiS) har for alvor kasta sine auger på Tomatfestivalen. For fjerde året på rad kom professor Reidar Mykletun med studentar til Finnøy...
Skiskyttardronninga Liv Grete Skjelbreid Poirée kjem til Tomatfestivalen. Ein av Norge sine mest meritterte og sjarmerande idrettsutøvarar blir med oss heile laurdag 11. og sundag 12....
Kvardagshumor på øvste hylle! Underfundig ettertanke med ironisk snert. Meistrar i å treffa spikeren på hovudet! Alle kjenner seg att.
Set av fredag 10. august kl 20.30 p...