Velkommen til gratis kokkeskule for born mellom 8-14 år i det tøffe Grieg-bygget på Judaberg.
Laurdag 19. august vert Griegs barnekokkeskule arrangert saman med Ryfylkekokken under Tomatfestivalen. Ryfylkekokken er læremeister og Grieg Seafood stiller opp med både fisk og eit steintøft kjøkken med imponerande utsikt. Kva herleg mat kan ein lage med laks, tomat og andre spanande ingrediensar?
Det vert 5 kurs med plass til 10 born per kurs. Kvart kurs varer i ca. 40 minuttar. Det er fyrstemann til mølla og kursa me sett opp er:
Kl. 10:00 - Kl. 11:00 - Kl. 12:00 - Kl. 13:00 - Kl. 14:00
Påmeldinga opnar 01.08. og fristen for å melde seg på er 17.08.
19. august
Gratis
45 minuttar
Griegbygget - Judaberg
Mango har gått konkurs. men det blir fortsatt festival, info kommer utover høsten.