Vintertomatar
Det er januar, det er vinter, det er surt ute. Men ein stad på Finnøy kan du gå og finna fram til sommarstemninga. På Lauvsnes gartneri spring dei rundt i shorts og haustar jaunartomatar for første gong i Finnøy si historie. Jan Terje Vignes sine første Juanitatomatar sesongen 2012 skal etter planen vera i butikkane i morgon.

Alle som har vore på Finnøy frå slutten av november av har, viss dei er normalt observante, registrert at kveldshimmelen har fått eit oransje skjær over austsida av øya. Det er verken nordlys eller utanomjordiske skapningar som står bak dette - det er drivhusa til Jan Terje Vignes. Han har for første gong satsa på vinterproduksjon av Juanita-tomatar.

DSC_2547.jpg
Januar-Juanita. Vakre og velsmakande.

Plantene kom inn i huset i midten av november, og haustinga starta nå rett etter nyttår. Frå denne veka av kan du finna Juanita frå Finnøy i butikkane - noko som vel må seiast å vera ei svært god nyttårsnyhet. Smaken er det ikkje noko å utsetja på - me har sjølvsagt vore innom drivhuset på tomatslang.