Plantene i hus
For første gong i Finnøy-historia er det klart for tomatproduksjon om vinteren. Staden er Lauvsnes gartneri, og det er Jan Terje Vignes som står bak.
Halvparten av det største drivhuset på Lauvsnes er no utstyrt med ekstra lys, og kveldshimmelen over Finnøy er sterkt prega av den pågåande tomatproduksjonen.
- Planen er å byrja produksjonen rundt jul eller nyttår - og plantene skal stå til august eller september. Frå no av blir det heilårsproduksjon, der det alltid vil vera planter i ein eller alle avdelingane i drivhusa mine, fortel Jan Terje.
Eit problem med vinterproduksjon, er at humlene som vanlegvis tek seg av polineringa (besøvinga) av tomatplantene, nektar å jobba om vinteren. Difor må plantene bestøvast manuelt, og dette tek det fire personar fire timar å gjera. Og det må gjerast annakvar dag.

Jan Terje Vignes er klar med heilårs tomatproduksjon i ein del av drivhusanlegget sitt. Foto: Kåre Vignes
Inne i drivhuset er temperaturen behageleg, og stabil på 25 grader. Jan Terje må muligens rekna med at drivhuset hans kan bli ein svært populær tilhaldsstad for finnøybuar som lengtar til sydlegare strøk, men ikkje har tid eller råd. Litt sand, eit par fluktstolar og bølgeskvulp på ein kasettspelar er alt som skal til for å føla at ein er i Syden.
Hugs å sjå etter Juanita-pakkane i butikkane om ein dryg månad!

Tomatfestivalen fyller 10 år. Korleis meiner du me skal feira jubileet?
I 2002 blei tankane om ein festival for tomaten sådd på Finnøy. Alt året etter blei den f...
Det er januar, det er vinter, det er surt ute. Men ein stad på Finnøy kan du gå og finna fram til sommarstemninga. På Lauvsnes gartneri spring dei rundt i shorts og haustar...
For første gong i Finnøy-historia er det klart for tomatproduksjon om vinteren. Staden er Lauvsnes gartneri, og det er Jan Terje Vignes som står bak.
Halvparten av det st...
Då er datoane for festivalen neste år klare: Me inviterer til Tomatfestivalen sitt tiårsjubileum helga 10. - 12. august 2012. Programmet er av naturlege grunnar på ingen...
Tomatfestivalen er på alle sine lepper om dagen, og mange media har skrive om, lagt ut bilete frå og hatt innslag frå festivalen.
Her finn du linkar til nokon av dei:
Ø...