Kom til kort på skytebanen
Odd-Bjørn Hjelmeset smilte tappert, sjølv om han blei grundig slått på skytebanen sundag. Halvannan time etter at han vann Griegløpet på Judaberg, fekk han seg ein lærepenge av dei unge skyttarane frå Finnøy.

På skytebanen på Kvame fekk både Odd-Bjørn og banksjef i SR-Bank, Ketil Helgevold, prøva seg på 100 meter mot ungdomen frå Finnøy. Tomas Midtbø og Thomas Bergsvik Halleland oppnådde begge 235 av 250 oppnåelege poeng. Ellen Haraldseid imponerte også stort, med 234 poeng utan støtte.
Det var 24 poeng meir enn skiløpar Hjelmeset.
Tove - teamer.jpg
Odd-Bjørn Hjelmeset innser at han har mykje å læra av Jan Gaute Handeland f.v.), Jonathan Halsne og Tomas Midtbø. Foto: Tove Irene P.K. Midtbø

- Dette var moro. Eg har lært mykje på desse 25 skota, gliste Odd-Bjørn Hjelmeset og forlèt Finnøy etter to intense dagar på Tomatfestivalen.

Skyttarbanen 003.JPG
Odd-Bjørn Hjelmeset ligg klar på skive 2. Foto: Kjell Augestad

Oluf - skiver.jpg
210 poeng på Odd-Bjørn er ikkje nok til å slå den oppveksande slekt. Foto: Oluf Bergsvik


Tove 1 - alle.jpg
Stas å ha besøk av ein skikjendis på skytebanen på Finnøy. Foto: Tove Irene P.K. Midtbø


Tove 1 OBH og KE.jpg
Skyttarlagsleiar Kirsten Elin Bergsvik har ingen ting imot å ha med Odd-Bjørn Hjelmeset på firehjulingen sin. Foto: Tove Irene P.K. Midtbø

Og for dei som noterer, her er resultata:
Thomas Bergsvik Halleland 235 p    m/støtte
Tomas Midtbø                    235 p    m/støtte
Ellen Haraldseid                 234 p
Sander Fugledal                 232 p m/støtte
Ketil Helgevold                   234 p
Ken Øystein Handeland      228 p
Sindre Flesjå                     227 p
Birgit Haraldseid                223 p m/støtte
Edvin Halsne                     219 p
Jonathan Halsne                212 p m/støtte
Odd Bjørn Hjelmeset          210 p
Jan Gaute Handeland         207 p