Laurdagskos med rekordbesøk
Det blei skikkeleg storfest i Judaberg sentrum laurdag. Folk strøymde til frå alle kantar, og arrangøren meiner det har vore 4 500 personar innom festivalområdet. Det betyr at rekorden frå 2008 blei slått med vel 500.

Aktivitetar, høgdepunkt, tomatar og inntrykk var det mange av for mange. Odd-Bjørn Hjelmeset og Kristin Størmer Steira var i storslag, og lettskya opphaldsver var det perfekte festivalveret.
Kristin og Oddbjørn med tomater.jpg
Odd-Bjørn Hjelmeset og Kristin Størmer Steira imponerte og sjarmerte publikum på Tomatfestivalen. Her er dei i ferde med å komponera tomatrettar under opningsseremonien.

tomater og folk.jpg
Rundt 4500 personar tok turen til Judaberg for å få med seg festdagen på Tomatfestivalen. Mykje folk, mykje lått og løye, mykje god drøs og mat. Litt av ein dag!

Oddbjørn spring.jpg
Då Odd-Bjørn Hjelmeset skulle springa på pallar, viste det seg at han ikkje hadde teke med seg badeklede. Eit problem? Slett ikkje. Friskusen vrengde av seg buksa og sprang i unniken. To gonger. Men vann, det gjorde han ikkje. 

Me har no lagt ut fotografiske høgdepunkt på desse nettsidene. Har du blinkskot frå festivalen? Send dei gjerne til oss.