Snart klart for tomatfest
Det er torsdag ettermiddag, og det riggas over heile Judaberg-området. Telt blir sette opp, stolar og bord blir køyrde fram og tilbake av ivrige dugnadsfolk, og festivalkomiteen prøvar å halda orden på alt.

Thorstein Pedersen må gjerne klø seg i hovudet, men faktum er at dei største telta nå er på plass. Nortura-teltet kom opp i ettermiddag, og Helse-teltet og Matteltet vart sette opp onsdag kveld. Så det er all grunn til optimisme her, Thorstein.
John Magnar Nåden har blitt ein racer på å slå opp partytelt etter at han blei med i Tomatfestivalkomiteen. Han meiner at alle Finnøybuar burde teke seg ein tørn, om ikkje anna for å lære å slå opp telt. Her er han i gang med å setja opp vegger i Nortura-teltet.

Matteltet er ferdig rigga. Det ser kanskje litt tomt og trist ut no, men frå fredag kveld til seint laurdag natt er det bånn gass her med kveldsmat, festivaldag og tomatdans. Det som er tome bord nå, blir fylt opp av gongkaker, grilla laks, alskens kveldsmat-rettar, heimesylta saker og ting frå Halsnøy og Rennesøy - og årets nyvinning i mattelttet - tomatvafler.
Thorstein Pedersen må gjerne klø seg i hovudet, men faktum er at dei største telta nå er på plass. Nortura-teltet kom opp i ettermiddag, og Helse-teltet og Matteltet vart sette opp onsdag kveld. Så det er all grunn til optimisme her, Thorstein.
Matteltet er ferdig rigga. Det ser kanskje litt tomt og trist ut no, men frå fredag kveld til seint laurdag natt er det bånn gass her med kveldsmat, festivaldag og tomatdans. Det som er tome bord nå, blir fylt opp av gongkaker, grilla laks, alskens kveldsmat-rettar, heimesylta saker og ting frå Halsnøy og Rennesøy - og årets nyvinning i mattelttet - tomatvafler.
Tomatfestivalen fyller 10 år. Korleis meiner du me skal feira jubileet?
I 2002 blei tankane om ein festival for tomaten sådd på Finnøy. Alt året etter blei den f...
Det er januar, det er vinter, det er surt ute. Men ein stad på Finnøy kan du gå og finna fram til sommarstemninga. På Lauvsnes gartneri spring dei rundt i shorts og haustar...
For første gong i Finnøy-historia er det klart for tomatproduksjon om vinteren. Staden er Lauvsnes gartneri, og det er Jan Terje Vignes som står bak.
Halvparten av det st...
Då er datoane for festivalen neste år klare: Me inviterer til Tomatfestivalen sitt tiårsjubileum helga 10. - 12. august 2012. Programmet er av naturlege grunnar på ingen...
Tomatfestivalen er på alle sine lepper om dagen, og mange media har skrive om, lagt ut bilete frå og hatt innslag frå festivalen.
Her finn du linkar til nokon av dei:
Ø...











