Sausen kokar
På kjøkkenet på Rygjabø vgs er det full aktivitet. Ryfylke smak produserer tomatsaus som galne, oppildna av å ha selt mange glas av den nye, lokalproduserte sausen på Gladmat. - Det gjekk godt på Gladmaten, og no gledar me oss til å presentera produktet vårt på Tomatfestivalen, seier ein litt småstressa Leif Arild Steen medan han skrellar tomater som snart skal bli saus.

Full tomatkontroll: Ingvild S. Steen skrellar mildt varmebehandla tomater. Etter eit par minutt med damping går det som ein leik å skrella dei.
Fire arbeidarar er i sving på kjøkkenet. Kokk Frode Selvaag stikk ut kjernar frå tomater, Leif Arild og kona Ingvild skrellar, medan Heidi Frestad kjem inn gjennom døra, klar for ei ny arbeidsøkt. I dagane før Gladmat-festivalen gjekk det på nattesøvnen laus, og gjengen har travle dagar føre seg før Tomatfestivalen. - Me kokar berre ei gryte i dag, så slepp me å vera ferdige så jysla seint i kveld, er den beroligande meldinga frå Leif Arild.
Tomatene som blir brukte til sausen er såkalla vekksorterte tomater. Det betyr at dei hadde blitt kasta om ikkje Ryfylke Smak hadde nytta dei til saus. Så dette er ressursutnytting på beste vis. Sausen kan du smaka og kjøpa på standen til Ryfylke Smak på Tomatfestivalen. Gled deg!

Tomatfestivalen fyller 10 år. Korleis meiner du me skal feira jubileet?
I 2002 blei tankane om ein festival for tomaten sådd på Finnøy. Alt året etter blei den f...
Det er januar, det er vinter, det er surt ute. Men ein stad på Finnøy kan du gå og finna fram til sommarstemninga. På Lauvsnes gartneri spring dei rundt i shorts og haustar...
For første gong i Finnøy-historia er det klart for tomatproduksjon om vinteren. Staden er Lauvsnes gartneri, og det er Jan Terje Vignes som står bak.
Halvparten av det st...
Då er datoane for festivalen neste år klare: Me inviterer til Tomatfestivalen sitt tiårsjubileum helga 10. - 12. august 2012. Programmet er av naturlege grunnar på ingen...
Tomatfestivalen er på alle sine lepper om dagen, og mange media har skrive om, lagt ut bilete frå og hatt innslag frå festivalen.
Her finn du linkar til nokon av dei:
Ø...