Kraftfull korsong frå Karmøy
Hesby Sokneråd slår på stortromma når dei innbyr til kyrkjekonsert laurdag 7. august. Gospelkoret Voice of Joy frå Nord-Rogland byr på friske songar og klar bodskap.
- Jo, me seier gospelkor. Men me er ikkje så bundne av sjangeren. Her er alt frå gospel til kjende bedehussalmar, fortel dirigent og primus motor Petter Losnegård.

Voice of Joy oppstod som ein følgje av eit rikt kormiljø på Karmøy midt på 90-talet. Nå er koret gått frå å vera prosjektkor med eit par øvingshelgar i året, til halvprofft med øvingar kvar veke og 50 konsertar i året.
- Me har opptaksprøvar for dei som vil vera med. Men det er ikkje noko Idol-greier, ler Petter Losnegård, som nå tar med seg vel 20 songarar og musikarar til Hesby kyrkje på Finnøy.
- Koret ser verkeleg fram til konserten. Nå har me hatt sommarferie, og gler oss til å koma i gong igjen. Då er det kjekt å starta i den flotte middelalderkyrkja på Hesby, avsluttar Losnegård.
Somme meiner Voice of Joy er det beste kristenkoret i Rogaland, ja på vestlandet. Du får sjølv vurdera laurdag 7. august. Konserten startar kl 20, kostar 200 kroner per person. Billettsal er i døra.

Aldri har så mange køyrd gjennom Finnøytunnelen som under Tomatfestivalen. Både påske- og pinsetrafikken blei sett til sides, då trafikktala for 6.-8. august...
Odd-Bjørn Hjelmeset smilte tappert, sjølv om han blei grundig slått på skytebanen sundag. Halvannan time etter at han vann Griegløpet på Judaberg, fekk han seg...
Tomatfestivalsøndagen vart nok ein festdag på Finnøy! Traktorbakking og Grieg-løp var hovudingrediensane - med vitjing på skytebana som dessert.
John Deere Grand...
Odd-Bjørn Hjelmeset og Kristin Størmer Steira imponerte på mange vis under Tomatfestivalen i helga. Matlaginga var dei også dyktige på. I eit aldri så lite...
Det blei skikkeleg storfest i Judaberg sentrum laurdag. Folk strøymde til frå alle kantar, og arrangøren meiner det har vore 4 500 personar innom festivalområdet. Det betyr...