Nettet på plass
Volleynett.JPGNår me skal arrangera volleyball-cup må det eit skikkeleg nett til for at opplevinga skal bli så bra som mogeleg for både spelarar og publikum. Måndag 26. juli var det oppsetting av nytt nett på volleyballbanen, og etter mykje strev kunne nett-sjef Eivind Bleie pusta letta ut. Nettet står stramt og fint og ventar på deltakarane i SR-Bank-cup.

Har du lyst å delta, er det ikkje for seint å melda seg på. Trykk her for meir informasjon om cupen og påmeldingsinformasjon.