Kristin sprudlar før festivalen
Ho hinkar rundt på krykker, men misser ikkje motet for det. Kristin Størmer Steira er klar for tomatar og utfordringar under årets Tomatfestival.
- Det er dei beste tomatane eg veitt, smiler Kristin (biletet) når finnøygartnar Jan Terje Vignes byr på Juanita-tomatar frå øyriket.
I helga møttest dei to 29-åringane under Blinkfestivalen i Sandnes. Ho på krykker, han med tomatar. Begge var ivrige tilskodarar då Kristin sine lagveninner gjekk i full fart rundt på rulleski.
- Eg gler meg til Tomatfestivalen. Det blir kjekt å vera med på noko som ikkje berre har med idrett å gjera. Og sjølv om eg er skada i den eine akillesen, så skal eg vera med på mykje kjekt under festivalen, fortel Kristin.
Jan Terje Vignes ser også fram til festivalen, sjølv om han veit det blir travelt. Ein stor, flott gartnarstand skal på plass, han skal ta imot både Kristin og Odd-Bjørn Hjelmeset på lunsj i gartneriet sitt, i tillegg til å få med seg både fagseminar, Griegløp og meir til.
Meir om Kristin og Jan Terje sitt tomatmøte, kan du lesa i Øyposten si festivalavis, som kjem ut 4. august. Ja er Kristin Størmer Steira den beste kokken på skilandslaget? Og kva veit eigentleg Jan Terje Vignes om langrenn?
Tonen fann dei to i alle fall - og slik gjekk det då Jan Terje lokka Kristin med klasen full av små Juanita-tomatar:

Tomatfestivalen fyller 10 år. Korleis meiner du me skal feira jubileet?
I 2002 blei tankane om ein festival for tomaten sådd på Finnøy. Alt året etter blei den f...
Det er januar, det er vinter, det er surt ute. Men ein stad på Finnøy kan du gå og finna fram til sommarstemninga. På Lauvsnes gartneri spring dei rundt i shorts og haustar...
For første gong i Finnøy-historia er det klart for tomatproduksjon om vinteren. Staden er Lauvsnes gartneri, og det er Jan Terje Vignes som står bak.
Halvparten av det st...
Då er datoane for festivalen neste år klare: Me inviterer til Tomatfestivalen sitt tiårsjubileum helga 10. - 12. august 2012. Programmet er av naturlege grunnar på ingen...
Tomatfestivalen er på alle sine lepper om dagen, og mange media har skrive om, lagt ut bilete frå og hatt innslag frå festivalen.
Her finn du linkar til nokon av dei:
Ø...