Sjå bilete

Tomatfestivalen 2004
Fylkesordføraren og nærare 2.500 andre menneske kom til Judaberg sentrum den andre helga i august. Den andre Tomatfestivalen i historia auka både i besøkstal og arrangement.

Det er ingen tvil. Folk vil ha Tomatfestivalen! Sjølv om festivalen berre er to år på fjorden, så er dette ei viktig storhending i Finnøy. Frå fredag til sundag er det arrangement i fleng for store og små. Og rennesbilløpet Øyposten Grand Prix var ei populær nyvinning.

Rita Lindås har tatt mange bilete frå Tomatfestivalen 2004. Her kan du sjå somme av dei.