Sjå bilete
Tomatfestivalen 2007
Den femte Tomatfestivalen i rekkja fekk stå i både tomatar, villsau og røvarhistoriene sitt teikn. Og at ein agurk i tillegg stal showet, ja det var eit høgdepunkt for mange.
Frode Aga, harding og kjent TV-kokk, var med både fredag og laurdag. Saman med villsaugjengen på Finnøy laga han ein fantastisk tomat-sau-rett i eit eige matshow fredagen. Og både fredag og frå scenen laurdag krydra Aga med historier som låg og vippa utrygt på kanten. Nesten 4.000 menneske kom til Judaberg laurdag dag. Totalt besøkte nærare 6.000 personar dei ulike arrangementa i Finnøy. Tomatfestivalen stadfesta verkeleg sin posisjon som ein av dei viktigaste matfestivalane i Rogaland.
Alle foto: Rita Lindås