Sjå bilete
Tomatfestivalen 2006
Wenche Andersen, flaggdag, matlaging for barn, første kyrkjekonsert og sandvolleyfest. Det var somme av stikkorda då finnøyfolk inviterte til Tomatfestival 11.-13. august 2006.
TV2-kokk Wenche Andersen fekk prøva seg på blindtest av tomatar, samt at ho hadde eit matshow saman med dei lokale komikarane Mugge og Bugge. Flaggdag! Ja nå er laurdagen under Tomatfestivalen offisiell flaggdag i Finnøy kommune. Fylkesmannen har godkjent dette!
Pizzabaking for barn. Over 200 barn fekk laga ein eigen pizza på laurdagen. Kjell Inge Torgersen heldt den aller første kyrkjekonserten i Tomatfestivalen si historie, og Kathrine Maaseide prega festivalen. Kathrine var både plakatdame i forkant og hadde sandvolleyballskule for dei små. I tillegg spelte ho og makker Janne Kongshavn bonusfinale mot vinnarlaget i herreklassen. Gutane vann...
Her er eit knippe foto frå festivalen 2006, i hovudsak tatt av festivalfotograf Rita Lindås.