Sjå bilete

Tomatfestivalen 2005
2005 blei eit merkeår for Tomatfestivalen. Det var året då festivalen verkeleg blei ein matfestival og at kjendisane inntok Finnøy.

Verdsmeister i kokkekunst, Charles Tjessem, opna festivalen, stod på stand og bidrog sterkt til ein særs underhaldande kokkekamp. Når ingen ringare enn Jon Herwig Carlsen og Kjell Kristian Rike var kommentatorar, ja då var det nesten eletrisk stemning i det store matteltet.

Rennebilløpet Øyposten Grand Prix blei også ei festreise, med Rike og Carlsen i speakerbua. Kalv, tyskarfestning, fotballcup og matgleder er nokre av stikkorda når du her kan sjå somme bilete frå festivalen 2005. Foto: Rita Lindås.