Sjå bilete
- Dette va jo härliggt, Tom!
Tina Nordstrøm er sans for kråkebollene ho og kokkemakker Tom Tvedt får servert på Tomatfestivalen. Deretter var det alvor, blodig alvor!
TV-kokkstjerna Tina og fylkesordførar Tom i kokkekamp mot TV-kokk Christopher Sjuve og lagveninne Eli Nes, ordførarfrua i Finnøy. Kokkekampen var berre ein av mange høgdepunkt som nærare 4.000 menneske fekk med seg i Judaberg sentrum laurdag 9. august. 2008-festivalen var eit løft både når det gjaldt matopplevingar, bruk av området, organisering av køar, tal på sitjeplassar og varierte aktivitetar. Og nok ein gong med fint vèr. Og folk strøymde til dei ulike arrangementa frå fredag til laurdag. Somme fotografiske detaljar får du på denne sida, sett gjennom linsa til festivalfotograf Rita Lindås.










