Historia
Frå Finnøydagane til Tomatfestivalen
Finnøy hadde sine bygdedagar i over tjue år. Den siste helga i august samla Finnøydagane folk og fe, i hovudsak frå Finnøy kommune. Landbruksutstillarar, kunst- og handverk, film for barn og tale for dagen danna ramma om desse bygdedagane. Etter mange gode år, møtte Finnøydagane seg sjølv i både døra og veggen. Evne til fornying og utvikling var liten, og responsen heller laber. Etter Finnøydagane i 2002 sette eigarane Finnøy Idrettslag og Finnøy Bygdeungdomslag seg ned for å tenkja nytt. Vinteren blei brukt til å samla kreftene om ”Tomatfestivalen”. Meir fokus på tomat- og landbruksnæring og ikkje minst flytting av festivalområdet. Finnøydagane hadde vore arrangert i og rundt Finnøy Sentralskule på Judaberg. Nå skulle Tomatfestivalen avviklast på Judaberg kai, rundt Coop, Finnøy Næringspark/Rygjabø vgs, Bethel bedehus og bankbygget.
Meir og meir matfokus
Midt i august 2003 var det klart for den aller første Tomatfestivalen. Både familiefest og ungdomsarrangement fredag, og ikkje minst fotballcup for dei minste sundag. Festdagen laurdag samla 2.000 personar, nesten dobbelt så mange som på dei siste Finnøydagane i 2002. Ulike tomatkonkurransar, underhaldning, Open Gard og mange utstillarar fekk folk til å smila og seia ”Dette var noko nytt.” Men det var endå meir å gå på.
Og etter 2003 og 2004 slo festivalkomiteen fast: ”Me må ta eit val. Kva vil me med festivalen? Skal det vera hummar og kanari, eller skal me reindyrka eit tema meir?” Komiteen sa ”Me skal vera ein viktig matfestival i Rogaland, med fokus på mat og primærnæring generelt og tomat spesielt. ”
2005 blei eit stort løft i så måte. Over 3.000 menneske kom på laurdagen. Høgdepunktet for mange var kokkekamp med verdsmeister Charles Tjessem som ein av deltakarane. Ingen ringare enn Kjell Kristian Rike og Jon Herwig Carlsen var kommentatorar for både kokkekamp og rennebilløp. Talet på matutstillarar og kvalitet på mattilbydarane var vesentleg styrka. Tomatfestivalen var på rett spor.
Større og utvida eigarskap
I 2006 innleia Tomatfestivalen samarbeid med Gladmatfestivalen i Stavanger, den største matfestivalen i Norge. Under Gladmat i juli har Tomatfestivalen dei siste fire åra vore med og arrangert Norgesmeisterskapen i pizzapaking. I tillegg ”fargar hæren frå Finnøy byen raud”, med utdeling av eit par tusen tomatar og info om Tomatfestivalen. Og Tomatfestivalen auka i tal på folk, med 2007 som førebels høgdepunkt. Vel 4.000 besøkjande på laurdag, og totalt 6.500 menneske heile helga.
Hausten og vinteren 2007/2008 var det på tide å tenkja nytt. Finnøy Idrettslag hadde sidan 2004 hatt eineansvar for Tomatfestivalen. Nå blei lag, foreiningar, kommunar og bedriifter invitert til å eiga og driva festivalen saman. 7. februar 2008 blei Tomatfestivalen stifta som eit samvirkeforetak. Nå er det 40 eigarar av festivalen, som er bedrifter, lag, foreiningar, Finnøy kommune, stiftingar og andre. Eit eige styre sit på toppen og ser på dei store linjene. Festivalkomiteen jobbar fram den enkelte festival, og Ryfylke Livsgnist har det daglege koordineringsansvaret.
Meir profesjonalitet
Ny organisering og rutine, har gjort Tomatfestivalen til eit meir heilstøypt arrangement. Grundige evalueringar år for år, gjer at festivalleiinga meiner festivalen er blitt meir proff. Ikkje minst viser tilbakemeldingane at det stemmer. Det går både på programinnhald, rutinar, køordningar, mattilbod med meir. Men festivalen er opptatt av ikkje å bli ”gjennomgrodd” i faste rutinar. Det må ei viss fornying kvart år. Heldigvis er det eit heilt lokalsamfunn som står bak, og som kjem med idear til betringar år for år.
Kvifor Tomatfestival?
”Tomatfestivalen skal fokusera på tomat spesielt og mat generelt. Festivalen skal løfta fram verdiskapinga i Finnøy kommune, samt synleggjera kommunen og det beste frå Ryfylke!”
Slik lyder ”mål og meinings-traktaten” for Tomatfestivalen i Finnøy.
Tomatfestivalen blei arrangert for 7. gang 7-.9. august 2009.
Men kvifor Tomatfestival? Jo fordi:
- Finnøy er den desidert største tomatprodusenten i Norge. Kvart år blir det hausta og levert over fire millionar kilo tomatar frå Finnøy kommune. I fjor utgjorde det 40 % av alle norske tomatar.
- Finnøy er også nest størst på eggproduksjon i landet og blant dei største når det gjeld slaktekylling!
- Vel ein tredel av folk i arbeid, har jobb i primærnæringa. Det er mykje! Finnøy er ein variert jordbruks- og havbrukskommune med gris, laks, torsk, bjørnebær, kyr og sau som noko av det andre me satsar på.
- Det er optimisme i landbruket i Finnøy.
- Finnøy er vakre øyperler som må opplevast!
Dessutan:
- Tomatfestivalen viser at folk i Finnøy kan løfta i flokk.
- Me legg ned minst 1.500 dugnadstimar i forkant og under helga.
- Me er stolte over kommunen me bur i.
- Det er eit jordnært og triveleg preg over festivalen.











