Finnøy - litt om kommune og folk
Finnøy Kommune er ein øykommune med 2.942 (pr. 01.07.11) innbyggjarar fordelt på 16 ulike øyar. Folketalet i kommunen har auka kraftig dei siste åra. Og det etter fleire år med nedgang. Mange snakkar om "Finnfasteffekten". Les meir om Finnøy på Finnøy kommune sine nettsider.
• For å koma til dei fleste øyane i Finnøy må du enten ta hurtigbåt eller ferje. Men 30. oktober 2009 blei øyane Talgje (178 innbyggjarar) og Finnøy (1652 menneske) landfaste. 28. august 2006 blei første salve i Finnfasttunnelen avfyrt. Ein
• Judaberg på Finnøy er sentrum i kommunen, med rådhus, barne- og ungdomsskule, barnehagar, bank, butikk, sjukeheim, legevakt og politi. Og ikkje minst Rygjabø vidaregåande skule, Rogalands einaste fiskerifaglege sjømatsenter! Rygjabø vgs.
• Landbruket er den viktigaste næringa i Finnøy Kommune. Ein tredel av dei yrkesaktive i Finnøy jobbar i eller i tilknyting til primærnæringa (landbruk og havbruk). Det er stadig nyvinningar og nye prosjekt på gang i og om land- og havbruket i Finnøy. Finnøy Næringshage er den leiande katalysatoren. Den blå-grøne næringshagen er blant dei mest kreative i heile Norge. Les meir om Finnøy Næringshage.
• I 2010 produserte gartnarane i Finnøy 33 prosent av alle tomatane i Norge. Det blir sendt nærare 4 millionar kilo tomatar frå 40 gartneri. Talet på spesialtomatar aukar kraftig, spesielt cherry (kirsebær)-tomatar.
• Dei fleste tomatgartnarane i Finnøy varmar opp drivhusa sine med naturgass frå Kårstø i Tysvær. Vinteren 2004/2005 la energiselskapet Lyse gassleidning frå Tysvær, via Rennesøy og til øyane Finnøy, Fogn og Talgje i Finnøy kommune. Naturgassen erstattar propangass og oljefyring. Gassfyring gjer størst avling, då forbrenninga er rein. CO2-overskotet blir ikkje send ut i lufta, men tilbake som røykgass til plantene. CO2 gjer at ein får ein effektiv fotosyntese, og plantene veks betre. I praksis er det liten skilnad på naturgass og propangass. Men naturgass er ein sikker leveranse, som alltid er der.
• Finnøy er den nest største fjørfekommunen i landet. Finnøy kommune har årleg over 200.000 verpehøns. Det er dobbelt så mange som for ti år sidan. Finnøy sende om lag 1,3 millionar kyllingar til slakt i 2010.
• Kjende folk frå Finnøy kommune er tidlegare sentralbanksjef Svein Gjedrem, forfattarbrørne Alfred og Kolbjørn Hauge og sjølvsagt matematikkgeniet Niels Henrik Abel. Den Finnøybuen som har hatt mest makt er utvilsamt Ogmund Finnsson. Han åtte garden Hesby på 1300-talet og var fylkesmann for kongen. Dessutan styrte han Norge på vegner av kongen både frå 1366-71 og frå 1380-86.











