Arkiv

(15.01.12) Tomatfestivalen fyller 10 år. Korleis meiner du me skal feira jubileet? I 2002 blei tankane om ein festival for tomaten sådd på Finnøy. Alt året etter blei den første Tomatfestivalen arrangert. Og 10.-12. august er det klart for den tiande festivalen på rad. Det er mykje som har endra seg på desse åra. Programmet er meir variert...
(04.01.12) Det er januar, det er vinter, det er surt ute. Men ein stad på Finnøy kan du gå og finna fram til sommarstemninga. På Lauvsnes gartneri spring dei rundt i shorts og haustar jaunartomatar for første gong i Finnøy si historie. Jan Terje Vignes sine første Juanitatomatar sesongen 2012 skal etter planen vera i butikkane i morgon. Alle som har...
(17.11.11) For første gong i Finnøy-historia er det klart for tomatproduksjon om vinteren. Staden er Lauvsnes gartneri, og det er Jan Terje Vignes som står bak. Halvparten av det største  drivhuset på Lauvsnes er no utstyrt med ekstra lys, og kveldshimmelen over Finnøy er sterkt prega av den pågåande tomatproduksjonen. - Planen er...
(22.09.11) Då er datoane for festivalen neste år klare: Me inviterer til Tomatfestivalen sitt tiårsjubileum helga 10. - 12. august 2012. Programmet er av naturlege grunnar på ingen måte fastsett ennå, men me kan nok garantera at det vil bli eit visst jubileums-preg på festivalen dette året. Ti festivalar MÅ markerast. På eitt...
(19.08.11) Tomatfestivalen er på alle sine lepper om dagen, og mange media har skrive om, lagt ut bilete frå og hatt innslag frå festivalen. Her finn du linkar til nokon av dei: Øyposten (velg Tomatfestivalen 2011 i nedtrekksmenyen) Bygdebladet (bilete) Bygdebladet (artikkel) Aftenbladet NRK (ca 1.12.37 ut i sendinga)
(19.08.11) Tomatfestivalen trekkjer mange folk til Finnøy, det er det ikkje tvil om. Og det viser godt igjen i tunnelen! For også i år køyrde rekordmange bilar gjennom Finnfast i løpet av helga 12.-14.august. Tal frå Statens vegvesen seier at på sjølve festivaldagen laurdag 13.august, køyrde heile 1490 bilar gjennom Finnø...
(15.08.11) Sundag 14.august blei Griegløpet arrangert for andre året på rad. Og det med ein stor auke i deltakarar i forhold til fjoråret. Stemninga var det heller ingenting å seia på. Dei frammøtte heia fram både store og små løparar. Og når dei hadde heia så mykje at dei vart svoltne fann dei vegen til grillen der det...
(14.08.11) Me har lagt ut bilete frå festivalen her. Dei næraste dagane kjem me til å leggja ut fleire herlege blinkskot som festivalfotografen vår, Kjell Augestad, har knipsa i løpet av festhelga. Dersom du har bilete frå festivalen som du har lyst til å dela med fleire - send dei til Kåre Vignes på mail, så publiserer me dei i albumet...
(14.08.11) Rundt 300 personar trykka seg saman for å høyra Notlaget i Hesby kyrkje laurdag kveld. Etter ein lang dag på festival, hadde mange funne vegen til Hesby kyrkje for å få med seg gjenforeninga av det legendariske bandet frå tidleg åttital. Og publikum blei ikkje skuffa. Stemninga var aldeles elektrisk då Notlaget byrja å spela....
(14.08.11) Dei strålte, både sola, kjendisane, store og små. Festdagen i Judaberg sentrum laurdag blei ein minnerik dag. I overkant av 4000 menneske samla seg til hyllest av tomat spesielt, og mat, landbruk og folkefest generelt. Per Øystein Kvindesland, Bjørn Olav Skjæveland og Halvard Hanevol imponerte og sjarmerte frå scenen. Barn fekk kosa seg med...