GRATIS inngang på festivaldagen!

15. - 16. - 17. - 18. AUGUST 2019

Velkomen til Tomatfestivalen 2019!

 

Årets festival blir arrangert 15.-18. august, med laurdag 17. august som den store festdagen i Judaberg sentrum.

Informasjon om program, utstillarpåmelding og alt som ellers er verdt å få med seg, blir lagt ut på sidene her utover våren.


Velkomen til festhelg i august!

 

 

 

Vil du vera UTSTILLAR på årets Tomatfestival? Trykk deg inn på fana som heiter UTSTILLARAR. Der finn du all informasjon du treng!
NB! Siste frist for påmelding er sundag 16. juni!

Jan Erik Larssen, kjent frå TV-seriane Autofil og Broom, blir med oss som gjest på Tomatfestivalen 2019!
Jan Erik vil delta med liv og lyst både fredag og laurdag. Han kan opplevast (ja, for Jan Erik er ein mann som berre må opplevast!) både på fagdagen, familietacoen, tomatquizen og som konferansier på sjølve festivallaurdagen.

Landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad kjem til Tomatfestivalen på Finnøy. Statsråden er ei sprudlande dame som byr på seg sjølv. Me gler oss til å ha ho her på Festivaldagen 17. august.
(Foto: Torbjørn Tandberg)

KJ-Foto

Tryllekunstnar og ballongskulptør Ray Speedy vil vera med oss på Tomatfestivalen. Små og store kan gleda seg til sprell frå denne festlege mannen.

(Foto: kjempegøy.no)

Hilde Svela kjem til Hesby kyrkje laurdag 17. august for å halda konsert. Meir informasjon kjem etterkvart, men det er berre å gleda seg!