Programmet er klart!

GRATIS inngang på festivaldagen!

15. - 16. - 17. - 18. AUGUST 2019

Jan Erik Larssen, kjent frå TV-seriane Autofil og Broom, blir med oss som gjest på Tomatfestivalen 2019!
Jan Erik vil delta med liv og lyst både fredag og laurdag. Han kan opplevast (ja, for Jan Erik er ein mann som berre må opplevast!) både på tomatkonferansen, familietacoen, tomatquizen og som konferansier på sjølve festivallaurdagen.


Billettkjøp til foredraget med Jan Erik Larsen finn du her

Velkomen til Tomatfestivalen 2019!

 

Årets festival blir arrangert 15.-18. august, med laurdag 17. august som den store festdagen i Judaberg sentrum.

 

 

 

38896375_1954362651251019_8426353388072992768_n
Clipper 3


Rødne set opp Festivalbåt som gjer det kjapt og enkelt og koma seg til og frå festivalen laurdag 17. august. Merk at i år går båten heim 16.40, ettersom at me har program heilt fram til 16.30.

For tidspunkt og prisar - sjå her


I tillegg, vil dei stille opp med Rygerdronninga under tacoen fredag 16. august. Dette opnar for at barna kan vere med på ei skikkeleg tokt!

Tomatkonferansen 2019 på Utsyn Misjonssenter kl. 09.30, fredag 16. august. Her får du høyre foredrag om dagsaktuelle tema for veksthusnæringa spesielt og næringslivet generelt.

Bilettkjøp    -    Program    -    Info

Gå på vatnet med Motor Forum blir truleg eit høgdepunkt på Tomatfestivalen i år som i fjor. Dette er verdt og få med seg på den store festivaldagen laurdag 17. august.

(Foto: Halvard Bøe)

I år blir det Isbar på Tomatfestivalen. Her kan du få kjøpe både kuleis, og ikkje minst, "Festival-Spesial". For festival og is høyres ut som ein god kombinasjon, eller kva?

Tryllekunstnar og ballongskulptør Ray Speedy vil vera med oss på Tomatfestivalen. Små og store kan gleda seg til sprell frå denne festlege mannen.

(Foto: kjempegøy.no)

Velkommen til foredraget "Gjennom livets berg og dalbaner, med livet som innsats" med Jan Erik Larssen, fredag kl. 15 på Utsyn Misjonssenter. Foredraget vil vere ein del av tomatkonferansen, men dersom du ynskjer kun foredrag, finn du bilettar her.

Finnøytaco på judaberg kl. 17, fredag 16. august. Vel møtt til familietaco på Judaberg! Me gjentar fjorårets tacofest! Besøk Facebookarrangementet her.

(Foto: Halvard Bøe)

SR-Bank Cup i sandvolleyball vil gå føre seg fredag 16. august, med kvalifisering, og laurdag 17. august, med semifinalar og finalar. SR-Bank stillar med premiar til vinnarane og til eit tilfeldig trukke lag. Klikk på bilete for fullstendig plakat. 
(Foto: Halvard Bøe)

Landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad kjem til Tomatfestivalen på Finnøy. Statsråden er ei sprudlande dame som byr på seg sjølv. Me gler oss til å ha ho her på Festivaldagen 17. august.
(Foto: Torbjørn Tandberg)

Eit lite glimt frå i fjor!

Laga av: Halvard Bøe

Gle deg til Griegs Tomatbasar. Kjøp av basarbrett vil gå føre seg kjapt og enkelt med vipps, og årets premiar er ikkje berre berre. Kanskje du ender opp med å vinne ein utenlandstur? Eller freistar det med eit opphald på Spa-Hotellet på hjelmeland?

I tillegg til basarbrett vil det vere eit lykkehjul, laga av Tor Bjarne Flesjå, under årets Festival. Snurr i veg, for premiar er det ikkje få av!

Hilde Svela kjem til Hesby kyrkje laurdag 17. august for å halda konsert. Meir informasjon finn du her, det er berre å gleda seg!